
Akkurat det er det mange som har lurt på: Hvordan kan det ha seg at vi fortsatt husker poeten over alle poeter, eller burde jeg si forfatter over alle forfattere, William Shakespeare, mens vi har glemt diktene som klassen skrev i forrige måned? I følge de som kan lære andre kunsten med å skrive dikt, er oppskriften som følger:
1. Å gjenta lyd
Både rim og rytme dreier seg om å gjenta lyd. Med rim og rytme kan ein oppnå mange ulike verknader og stemningar. Ikkje minst passer det godt når ein vil få fram eit tydeleg driv og ein sterk puls.
2. Å overraska lesaren
Det å ta fatt i noko som ligg lagra i lesaren og vri på det, er ein poetisk teknikk som kan gje uventa perspektiv til teksten.
3. Å skriva fram ei tydeleg verd
Den første linja i eit dikt kan me oppfatta som ein liten sti som lesaren sine auge går inn i teksten på, eit landskap som set i gang ein prosess i den som les.
4. Å ta eit anna perspektiv
Når me skriv har me sjansen og fridommen til å vera kva me vil, og skriva ting som ikkje kan uttrykkjast på andre måtar.
5. Å lytta til stilla i oss og omkring oss
Å lytta til stilla i og omkring deg er ein måte å få kontakt med det som vil uttrykkjast. Slik kan det koma ting som er originale og heilt dine eigne.
6. Å sjå tinga som nye
For å bryta ned denne tåka av vanetankar og presentera verda som ny, som her! - og nå! — må poesien sprengja veg inn til menneska sitt medvit med å underleggjera tinga.
7. Å dela ei linje
Linjedeling er eit av dei grunnleggjande poetiske verktøya. Med dette kan ein oppnå svært ulike verknader. Her er eit ekstra godt høve til å oppnå overraskingar ved å innføra nye element til det som er etablert i linja før.
8. Å våga seg ut i ord
Det er eit eige trøkk i det å skriva sitt eige liv. Sjølvsagt veit me at liv er liv, og nokre bokstavar på eit ark eller ein skjerm, det er noko anna. Utfordringa vert nettopp å få liv i teksten, få livet inn i diktet så det kjennest.
9. Å skriva at eg elskar deg
Det er så lett å tru at sterke kjensler lagar gode dikt. Har ein verkeleg opplevd kraftige ting, så tenkjer ein at dette i seg sjølv er så mektige saker at det er bare å få det ned på eit eller anna vis. Men fellene er mange.
10. Å slutta mens enden er god
Det finst ei oppmoding til folk som skriv, som ofte vert gjenteken på engelsk. «Show them! Don't tell them!» Ei av syndene mot dette er ofte synleg ved at ein har teke med ei linje eller to for mykje på slutten av diktet.
11. Å granska grensene for språket
Kunsten granskar korleis ting kan uttrykkjast om igjen, på ein heilt ny måte. Det finst eit område mellom to ytterpunkt som gjev oss optimal utteljing; Det eine er eit heilt kvitt ark og det andre er eit ark som er fullstappa med tilfeldig samansette bokstavar. Heilt stille eller eit totalt kaos.
12. Å skriva seg inn i ei stor rørsle
Noko av det mest fascinerande med diktinga er at me kan setja i gang nokre rørsler som er annleis enn dei me gjer elles i kvardagen og i vårt daglege snakkespråk.
Se forøvrig denne lenka for å få den komplette guide til diktskriving!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar